VELKOMEN TIL UF ØRSTA/VOLDA

 

Dette er nettsida for Utryningspersonellets Fellesutvalg (UF) for Ørsta og Volda kommune.

 

UF Ørsta/Volda, har som formål å fremje samarbeid mellom dei ulike utrykningsetatane; Politi og lensmannsetaten, Brannvernet og Ambulansetjenesta.

 

I hovedmenyen kan du finne diverse informasjon om dei ulike etatane, samt informasjon om aktiviteten til UF Ørsta/Volda.

 


Arbeider du som utrykingspersonell i Ørsta og Volda-regionen, så nøl ikkje med å melde deg inn.

Kriterier for medlemsskap.

UF Ørsta/Volda arbeider tverrfagleg.

Dersom du er medlem i UF-Ørsta/Volda og likevel ikkje har brukarnavn og passord, kan du ta kontakt med nokon i styret.

 

INNKALLING TIL OMFRAMT ÅRSMØTE

Styret i UF Ørsta / Volda kallar herved inn til Omframt Årsmøte

Sjå innkallinga her

Referat frå Årsmøtet for 2015

Du kan lese heile referatet her

Årsmelding for 2015

Du kan lese Årsmeldinga for UF 2015 her

ÅRSMØTE I UF ØRSTA VOLDA

Fredag 19. februar kl.19.00 vert det årsmøte i UF Ørsta/Volda.
Stad: Kløvertun i Volda
Vi håper at mange kjem..!

Det vert enkel servering og satsa på eit uhøgtidleg medlemsmøte etter årsmøtet.

Helsing: 
Styret i UF Ørsta/Volda


God Jul og Godt Nytt År..!!

Styret i UF Ørsta Volda ynskjer alle ei riktig

God Jul og eit Godt Nytt År..!!

 

Kjekt Julebord i Myrvåg

Det vart eit vellykka og kjekt julebord i Myrvåg.
Mange vil ha dette som ein årleg tradisjon.

Les meir her

 

Invitasjon til Julebord ilag med UF Søre Sunnmøre

Bilderesultat for julebord bilder

UF Søre Sunnmøre inviterer til Julebord i Myrvåg Laurdag 5. desember kl.19.00.

Les meir her

Refleksakjsonen vart godt mottatt

Refleksaksjon

Under Refleksaksjonen sist torsdag fekk vi delt ut ein del refleks både i Ørsta og Volda. 
Det var i hovedsak vaktlaga frå Politi, Ambulanse og Brann som kjørte rundt i sentrumsområda og stoppa gåande folk og delte ut refleks til dei.
Denne aksjonen vart svært godt mottatt av folk.
Til saman delte vi ut om lag 200 refleks.


Styret i UF-Ørsta Volda ynskjer å takke alle som stilte opp og gjorde ein flott innsats.

Refleksaksjon 2015

Torsdag 29. oktober vert det halde refleksaksjon i Ørsta og Volda.
Minst to mannskap frå kvar etat stiller opp på Ørsta Brannstasjon kl.18.30 og kjøyrer nokre runder i Ørsta Sentrum og stoppar folk for å tilby dei refleks.
I Volda vert det same opplegg frå ca.19.00 på Volda Brannstasjon.

 

Julebord ilag med UF Søre Sunnmøre?

UF-Søre Sunnmøre inviterer alle i UF-Ørsta Volda til eit felles julebord i Myrvåg LAURDAG 5. DESEMBER..!!
Tid, pris og påmeldingsfrist kjem dei tilbake til.

Er det ein del interesserte, kan vi få til ein minibuss for å transportere tur/retur.

Visst det er interesse for dette, send ein e-post til kam(a)tussa.com eller skriv det på Facebook-sida til UF-Ørsta Volda.

 

Referatet frå årsmøtet for 2014 kan du lese her.

 

ÅRSMØTE UF-ØRSTA/VOLDA for 2014

Årsmøte UF-Ørsta/Volda for året 2014 vert halde torsdag 12. mars 2015 kl. 19:30.
Møtet finn stad i Røde Kors sine lokaler i Strandgata i Ørsta

Vel Møtt..!!

Leiar Roar Gjerde
UF-ØrstaVolda

 

REFERAT FRÅ FAGKVELDEN PÅ

AASENTUNET 12. FEBRUAR 2015

UF-ØrstaVolda arrangerte i samråd med Norsk Luftambulanse ein fagkveld på Aasentunet. Dette vart ein kjekk og lærerik kveld. 64 personar hadde teke turen for å vere med på dette foredraget som Dr Setsaas hadde. Det var eit breitt samansett publikum. Brannmannskap, ambulansepersonell, sjukepleiarar, fastlegar, politi, psykiatriske sjukepleiarar, medlemar i hjelpekorps og barnevernstjenesten. Ei tverrfagleg gruppe. Les meir...

 

 

Kjekt på glattkjøyringa

Mandag 19. januar stilte 6 av mannskapa i utrykningsetatane i Ørsta og Volda opp på teoridelen av glattkjøringa og yttarlegare 2 på sjølve glattkjøringa. Sidan det var så få som deltok, vart det mykje kjøyring på kvar av dei som stilte opp. Det var lagt inn nye og spanande moment i både teoridelen og kjøyredelen.
Ei stor takk til Geir Helge Ådneram i Politiet som stilte opp og organiserte den kanskje beste glattkjøyringa så langt.

 

 Foredrag med Dr. Setsaas

Torsdag 12. februar kl.18.00 vert det halde eit foredrag med Dr. Setsaas på Aasenunet der han vil halde snakke om det å leve saman med utrykningspersonell og anna redningspersonell.
Dette foredraget kan også vere interessant for ektefellene / samboarane.

 

Klart for ny glattkjøring

Glatt kjøring


Mandag 19. Januar kl.18.00 arrangera UF Ørsta -Volda den årlige glattkjøyringa på NAF si øvingsbane i Hovdebygda. 
Me oppfordra alle til å stille opp og få prøve ut kjøretøya på glatta.
Geir Helge Ådneram i Politiet vert som vanleg foredragshaldar.
Om det er kapastiet på bana, vert det høve til å prøve privatbilen på glatta.


Blålysaksjonen 2014 i Ørsta

Mange barn og vaksne trassa det dårlege været i årets Blålysaksjon som vart halde ved Amfi i Ørsta Laurdag 4. oktober.

Les meir her

Medlemsmøtet vart ein suksess

Medlemsmøtet der Kurt Kim Stige heldt foredrag om «brannetterforskning og opptreden på åstad med mistenkeleg dødsfall» vart ein suksess der mange møtte opp frå dei forskjellige naudetatane. Les meir her...

Fagleg fellesmøte med Kurt Kim Stige

Onsdag 2. april vert det medlemsmøte der Kurt Kim Stige kjem for å halde foredrag om kriminalteknikk og bevissikring. Les meir her...

Referat, Årsmelding og Rekneskapsoversikt

frå Årsmøtet for 2013

18 medlemmar tok turen til årsmøtet som i år vart halde i lokala til Hemit i Volda. Les meir her...


Moro og lærerik glattkøyring

Glattkøyringa 2013 vart ei moro og lærerik oppleving der mange fekk prøve å køyre over evne og nokre havna i snøbaren. Les meir her...

 

Blålysfesten gav meirsmak

Blålysfesten vart ei suksess og det vart ein fin kveld. Les meir her...


 

Egenes Brannteknikk

brannmannen.no

Politiets Fellesforbund

Her er eit lite humorinnslag som gir en god latter

Sjå her på YouTube

 

Slutt på UF-treningane

På grunn av laber interesse, ser vi oss lenger ikkje tjente med  å ha treningstimane vi har hatt i Idrettsbygget i Volda. Timane er derfor pr. 01.01.13 opphørt.

Kva er UF Ørsta/Volda..??

UF Ørsta/Volda har som mål å skape tverrfagleg forståelse mellom utrykningsetatane. Les meir her...

 

Medlemsskap i UF

Det er no sendt ut ein eingongsfaktura for medlemsskap i UF til alle ansatte i etatane i Ørsta og Volda og styret oppmodar alle til å verte medlemar.

 

BEREDSKAP OVERFLATEREDNING

 

 

UF-Ørsta/Volda satte i 2008 i gong ein innsamlingsaksjon for å skaffe midlar til utstyr for overflateredning. Utstyret var på plass hausten 2010, og mannskap i Volda brannvern gjennomførte opplæring i bruk av dette. 10 mann har no opplæring/trening i redning. Utstyret består av våtdrakter, ABC utstyr, redningsvestar, tauverk, div. sikringsutstyr og oppblåsbar redningsbåt. Situasjonar det kan vere aktuelt nytte denne beredskapen, er ved redning av personar både på ope og islagt vatn og i hamneområder/ strandlinje. Les meir...

 

Sjå bilder frå opplæring...

 

 

 

 

Sist oppdatert: 22. februar 2016